page view image

MagnorVinduet Fotballskule 2026

Velkomen til Magnorvinduet Fotballskule 2026 – ei veke fylt med fotballglede, meistring og nye vener! Her får barn og unge utvikle ferdigheiter i trygge rammer, leia av engasjerte trenarar, med fokus på læring, samhald og ekte speleglede.

Information
event image

Tradisjon tru inviterer me i samarbeid med generalpartneren vår, MagnorVinduet, til fotballskule for born og unge i alderen 1-10.trinn i veka etter skuleslutt.

Fotballskulen har avspark alle dagar kl. 09:00 og blir avslutta kl. 14:15. Det vil vere mogleg å levere bornet/borna dine mellom kl. 0800-0900 og hente mellom kl. 1415-1500.

Deltakarane vil få lærerik og morosam rettleiing frå A-lagsspelarar på dame- og herrelaget, samt mange av klubbens dyktige trenarar.

Alder

Tilbodet til MagnorVinduet Fotballskule gjelder alle born og unge som har gått i 1. til 10. klasse i skuleåret 2025-2026. Det blir tilpassa aktivitet og trening for dei ulike aldersgruppene.

Vekeplan

Fotballskulen vil inneholde temadager med fokus på 1vs1 ferdigheit, pass and move og skåringsferdigheit. I mellom vil det bli lagt tilrette for mykje variert leik og moro med fokus på samarbeid og trivsel.

Mat og drikke

Alle deltakere får servert lunsj og drikke kvar dag med frukt og/eller smoothie til avslutning.

Kle deg etter vêret

Me vil i all hovudsak vere ute heile dagen og nytte det flotte idrettsanlegget på Kuventræ. Kle deg derfor etter vêr og vind og kom ferdig skifta til fotballskulen.

Me skal gjere vårt aller beste for at det blir tre morosame og lærerike fotball-dagar på Kuventræ!